mandag 29. juli 2019

Årets båtferie!

Fruen starta ferien nokre dagar etter meg og i det flotte vèret måtte me jo bruke båten. Bergen og VG-Lista høyrtes ut som ein god ide og eg og yngstemann la av gårde. Kanonfint å suse nordover Langenuen og over Korsfjorden, forbi Bjorøy og under bruene til Bergen. Litt over 2 timar er ein anna verden enn 8-9 som det var med seilbåten.

3100 o/min gir ca 21 knop, forbruket skal etter diagrammene då vere ca 25 liter pr mil og erfaringen etter denne turen på vel 100 nmil er at det stemmer bra, me fylte 170 liter og det var vesentlig meir igjen på tanken når me kom heim enn når me for, så ca 120-130 liter brukt er absolutt til å leve med!

Litt kjedelig er det med transport-etappane fortsatt, då er det greit at det går fort:)

Herlig start på ferien, det er noko eget å ligge med båt i Bergen. Etter nokre dagar er det også alltid kjekt å forlate, då er ein lei av å knikke på andre båtar og til slutt bli liggande innerst med fender utfordringar mot dei store svarte dekkene som heng lovlig høgt enkelte plassar. Sjølv med seilbåten kom me på skikkelig fjære under desse og då er det ikkje lett å fendre opp. På NBen fendra eg i to høgder der dei øverste fendraene var over fenderlista. Det gjekk fint, men mykje svarte flekkar som må polerast bort ved høve.

 VG-Lista, heilt greit, men kanskje ikkje så stor stas for minsten som eg hadde håpa på, men, men
 Fløien er obligatorisk, herlig utsikt
Eg har lenge visst om at det er eit fint naturområdet, lagt til rette for båtfolk, heilt nord på Austevoll, rett innanfor Bakkasundet. Navøyvågen, med seilbåten har det ikkje passa å stikke innom, men med lynvingen er det jo fort gjort og med altfor tidlig avgang frå Bergen i forhold til avtalen me hadde på Fitjar hadde me god tid til å sjå oss om. Sjølv om me skulle handle til Taco for 19 personar i Bekkjarvik:)

Navøyvågen var fin, djupt også inne ved kaien, ved flytebryggene var det fult, men hyggelige båtfolk heiv seg rundt å forhalte for at me skulle få plass, så det var syns med berre skulle inn å sjå...
Kursen vart satt fra Bergen til Eggøya, yngstemann traff ein kompis på VG Lista og han vart med på turen videre. Veldig kjekt med selskap for yngstemann. Først skulle me innom Fitjar å hente resten av familien kompis av eldstamenn samt søster og onkelbarn, lasta til randen var det kjekt å sjå at 200 hk Volvo ikkje slit nevneverdig med å komme i plan, ca 1 knop mindre på marsjfart var heile forskjellen...!
Kjekt å treffe slekt på Eggøya, me vart her til mandagen før me la avgårde til Sagvåg siste natta for å besøke venner på rorbu. Frisk vind i helga, med liten til stiv kuling, men me kom oss til Brandasund og fekk dei obligatoriske kanelbollane. Nokre gjekk til Brandasundsåto også, men eg måtte passe på båten i vinden!:)


Frisk vind ja
 Mandagen var det litt mindre, men sjølv i medvind så vart det nokre lufige svev og litt harde slag så me måtte ned i 18 knop sørover
Vel fortøyd i Sagvågen. for siste overnatting 

Super kjekt ei vekes tur med båten, me har fått erfare å ligge i salongen og der var det egentlig veldig behangelig å ligge, men det er vanskelig å huse meir enn 3 komfortabelt, men then again, kor ofte er me fleire enn 3 på tur så det er ikkje noko problem. Det som er dummast er at du må dekke til alle vinduene heile tida sidan toalettet er heilt bak så om du søv framma og skal på WC så må du nesten ut i salongen for å få på kler og dermed greit å ha vinduene dekka til, men det er eit skikkelig i-landsproblem. Tankene om NB870 har lagt seg litt, det blir ikkje i år iallefall...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar