torsdag 23. april 2020

Eggøytur med nybåten

Dagen etter eg kom heim med båten og me hadde overnatta i havna heime frista det veldig å ta ein tur til Eggøya så sjølv om yngste poden ville vere med venner og fruen måtte vere heime å ha kontroll tok eg turen. Nydelig tur der eg fekk studerte radaren skikkelig og ikkje minst sett at denne båten er meir enn stor nok for bryggene på Eggøyo, men det går fint. Hekktrøster er nok nødvendig for å gå på innsidan av bryggene i vind, her er nokre stygge steinar under vannflata så her er ikkje mykje slingringsmonn.



Ja, den er ganske høg og ruvande...

Passar fint ved bryggene, me fekk det til med 35 fots seilbåt også, men tenker at hekktrøster hadde gitt trygghet for å kunne legge seg på innsida av bryggene. Me får sjå, det blir ikkje i år, men er ganske enkelt å sette inn.
Eg har gått ganske mykje i skodde og det er det verste eg veit, radar har derfor stått høgt på lista kvar gong me har kjøpt båt, men det har ikkje vore der og ja, det har vore vanskelig å rettferdigjere investeringa når den ikkje allerede er gjort:) Vel, her er det radar og eg syns det fungerte veldig fint med radaroverlay på kart, den plukka til og med opp dei største blåsene og også små båtar var lette å sjå i god tid, eg ser at det periodevis er litt fantom markeringer, men dei går fort bort medan faktiske båtar, oppdrettsanlegg etc er fast så dette skal kunne gå greit å stole på. Tenker likevel eg vil ha AIS montert også både sender og mottaker, men litt usikker på korleis eg skal få montert det enda så får la vere å bestille det til eg har kontroll på at det blir sikkelig...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar