torsdag 23. april 2020

Prosjekt i nybåten - fiks og oppgraderinger

Det finnes nok meir strøkne eksemplar av 870, men det var gjenspeila i prisen og mykje av utstyret som må fiksast litt på var ikkje nevnt i annonsen ein gong så det var heilt greit... Det viste seg også at noko var ganske lett å fikse og andre ting har eg ikkje fått tid til å sjå på enda

Småfix:
  1. Varme på akterdekk, er montert, men må fiksast. Ikkje sett på
  2. Spyling på akterdekk, er montert, men må fiksast. Ikkje sett på
  3. Vindusspyling, her var det berre masse dritt i systemet. Fiksa
  4. Polering, overbygget og skrog treng polering, påbegynt, må til med rubbing på deler av overbygget. Mykje jobb, men skal gå fint å få dette tilbake omtrendt som nytt, men slurv med polering gir mykje ekstra jobb, men som sagt, dette var gjenspeila i prisen på båten
  5. Tett dass, det er fiksa, litt uklart kva som var feil, men spylte lufting fra utside samt opna på mannlokk og då kom systemet i gang igjen, det ser ut til at det lett kan bli for mykje motstand i systemet som gjer at vatnet ikkje går til tanken.
  6. Manglande sittepute, selger gløymte eine sitteputa ute, irriterande sidan det er så fint vær, men får høyre om han kan sende den på posten
  7. Påhenger, manglar gummibelg på stamma.
Oppgraderinger:
  1. Montere påhengsbrakett til påhenger bak på hekken. I dag ligg motoren i lagringsrommet og det er upraktisk
  2. Koble opp Smart Boat One. Det er gjort og fungere kjempebra, kjekt å ha kontroll på strøm, vatn og temp samt posisjon på app:)
  3. AIS, solgte den bærbare sender og mottaker eg hadde sidan den berre sender NMEA på Wifi og det har ikkje plotter ombord. Tenker på Raymarin AIS700, men må få kontroll på korleis det monteres fornuftig først.
  4. Komfyr, det er klart for å sette inn komfyr. Vurdere Eno Perigod med eller uten grill. Ser det er den som brukes i 870. Jysla dyrt med grill, men antar det er det som skal til for å få steikt pizza på fornuftig vis i båten og det er egentlig målet med heile komfyren, runstykker om morgonen og pizza:)
  5. Hekktrøster, det blir ikkje 2020, men firstar, ville gjort det lettare å komme på innsida av bryggene i Eggøya spesielt
Ja, det er vel det meste.



Ja, ein veit jo kor matt overbygget blir uten jevnlig polering, det blir mykje verre på båtar som ligg ute heile året så det er ein god jobb å få dette bra igjen, men fult mulig.

Her har eg jobba ein del med babord side som var verst pga båten har lagt mot sør og fått sol der heile dagen. Regnar med resten går lettare:)



Motoren ser veldig fint ut, men skal få rensa sjøvannssida i løpet av året, ser det er litt saltvannsavleiring på intercooleren, slik det blir på alle D-motorer.




Ikkje så rar vindusspyleren ikkje fungerte, det kom imponerande mengder dritt ut, satsar på at alt er ute no, evt så er det ganske lett å ta dysene av å stake dei opp igjen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar