fredag 8. mai 2020

2. tur til Eggøyo

1. Mai helga kunne skilte med flott vèr, om enn litt kaldt. Eg og yngstemann tok turen til Eggøyo fredag, lørdag henta me June på Fitjar for dagstur. Nokon må passe tenåringen på nattestid! Sånn blir det vel i år iallefall, men no som minstemann på 12 har blitt så hekta på båt og fiske er det veldig kjekt på tur uansett.


Det er vakkert på Eggøyo, no med bedre bofasiliteter blir det nok enda fleire turar ut der...


Ein tur te Brandasundet er tradisjon, kanelbollar og kaffi som alltid. Moderen og faderen vart også med

Ein veldig kjekk ting med den nye båten er jollen og motoren som fulgte med. No har eg fått motorbrakket til å montere bak så me slepp å ta motoren opp og ned i lasterommet, veldig kjekt, då blir det veldig enkelt å ta seg ein tur, poden satte teiner og tjente seg 100 kr for eit par krabbar, her var det nokre slektninger som var veldig rause:) Ellers har fiske interessen plutselig tatt tak så fleire turar med stang vart det også, uten særlig fangst då, men, men


Pappa satte gadn og du verden ka lyr, 15 totalt og 8 store på dette første!!

Superkjekt med sittegruppe ute, her er det god plass til 4 og når me får motoren på hekken kan me ta med dei to stolane i lasterommet. Nye dyser er kjøpt til varmare, her hadde første eigar montert uttak ute, uten å gjere det skikkelig. Mikunien har 80 mm rør, så når y spjelde hadde 90 mm åpning hadde han berre stappa røyro inni og teipa. Fungerte sikkert ei stund, men no falt det av. Eg har teipa på nytt, men no ligg 80-90 overganger på posten! Det blir heldig varmt ute med vendere ute og full effekt, sjølv med berre få grader ute, men då blir det kaldt inne, det ligg å sleng ein wire som skal kunne halde spjelde i midtstilling så til helga må sjå om me ikkje kan få skikk på dette.



Det må bu folk i husan, syng Kari Bremnes, ja da må da! Utrulig kjekt å sjå når ungdommen tar over og får orden på ting på få veker! Kjempeløft for heila øyo!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar