Dessverre vart det ikkje tatt bilder, men ein fin tur vart det. Meir vind enn venta så turen rundt Hidle med start og mål fra Leirvik tok knappe 1 time og 20 min. Lite gennaker vennlig då det vart mykje stikk i skjøtene, men det passa bra for gennakeren hadde me tatt med heim då nummerene held på å falle av! Eg hadde med meg ein ny kar med seilbåt i havna så makker er opptatt med skøyta før han skal på langtur, men det gjekk fint, litt lite vekt på ripa vart det. Skvalpesjø og stikk i skjøtene er ikkje vår force, me går lett i lite vind, men ute i fjorden toga Silje forbi oss og fekk eit stort forsprang, men i mindre vind bak Hidle tok me det inn igjen, tilbake for Silje igjen og både SeaGirl og Silje var føre oss i mål, men på Vikafle tok me så mykje innpå igjen at me berga førsteplassen likevel!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar