lørdag 13. juni 2020

Årets 4. Tirsdagsseilas!

Govèret er på veg så underteikan stilte i shorts og T-Shorte på denne Tirsdagsseilasen, men det vart kjølig, fann heldigvis ei ullskjorte, men 5-7 ms og 12 grader er ikkje heilt shortsvèr!




Til tross for at det vart litt kjølig var det ein flott tur på sjøen, 9 båtar til start byrjar å likne på noko!

Me fekk ein perfekt start og nødt godt av dette nesten heilt til runding, i tillegg til forspranget fekk me frivind noko som er svært viktig for oss med så lav rigg og lite sig. Med ørlite stikk i skjøte går B/One raskt, den slapp hekksjøen nermast konstant opp til Otterøua, der fall me av ifht ein del andre pga at det er spesiell ugunstig for oss å kolle i le av holmar og skjer, då kan me fort stoppe heilt opp.

Lyra og SeaGirl passerte oss rett før runding og me runda som 3. båt. Skjøte hekta i slaget og i styret med å fikse dette kom me nært Silje som me hadde vikeplikt for, her mista me fart og sleit med å komme skikkelig i gang igjen, Lyra og SeaGirl for, men oppimot Klasen hadde me fortsatt kontakt. 

Gennakeren vår er djup og veldig stor så på skarpe kurser som her slit me, me drøyde derfor, men satte den til slutt, uten veldig stor gevinst og eit par broscher som me nok tapte det me hadde tjent, men, men. Kjekk tur og pga ratingen så lurte me til oss 1. plass. Det var litt overraskande, men det viser at båten går veldig bra under mange forskjellige forhold...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar