søndag 7. januar 2024

Første tur i 2024…



Året har starta iskaldt med heilt ned i 10 minus i havna. Behov for ekstra varme vart stort, spes hos meg som ikkje har tømt for vatn etc pga at båten brukers heile året.

1000 watt i motorrom og 400 watt har halde det stort sett isfritt, men vannkranen i byssa frøys.

I dag tok eg og June krepselenka, minus 7, men med 200 watt i motorrommet til Sabben starta den fint, fin tur, me lite fangst. Neglebit på tærne heimover ellers gjekk det fint!

Vel i havn med fiskebåten (Innvær 23 med 10 hk Sabb) tok eg NBen til Leirvik for å ta opp den siste av 3 følgebåtar i seilforeningen

Dermed fekk den varma seg igjen, det var for glatt på opptaksrampen så det vart ingen opptak, men hyggelig besøk ombord  av mannskapet som skulle vere med å ta opp båt, med servering av kaffi og siste rest av sjokoladelageret var uansett veldig trivelig. 

Eg må sei at denne tida på året har ein spesiell sjarm på sjøen, spesielt med 24 grader inne og minus 4 ute. 

I skrivande stund, sig eg tilbake til heimehavna så seint som mulig… Hastar aldri å komme heim frå ein god og varm båt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar