lørdag 13. januar 2024

Seiltur i Kroatia i september!!!

På ein vennefest i 2023 byrja nokon å snakke om seiltur i Kroatia! Eg såg ikkje heilt den komme då ingen andre enn meg er seilarar, men i romjula med litt tid ledig byrja eg å sjekke alternativer for 3 par på tur og kom fort opp med forslag på ein 2024 Hanse 410 i Sept.

Eg kom over ein annonse på finn.no frå ein agent og sende ein mail. Han svara raskt med veldig mykje god informasjon for oss som aldri har verken gjort det før eller tenkt så mykje på det. Bernt i Inspira Sail gav oss den gode følelsen det gir å snakke med nokon med peiling og gode referansar.

Etter 2 dagar med rådslagning i nyttårshelga vart alt bestemt, fly og båt bestilt. No e det berre å glede seg for dette blir spennande og veldig kjekt. Ikkje vart det så dyr ferie heller når me er 6 å dele båt og havneleige på. No får me sjå kva det går av penger utanom båt og fly, men eg syns ikkje 10.000 for båt og fly, pr person er så ille sjølv om 35.000 for ei veke er mykje pengar.

Du kan spare mykje på eldre båt, men med 6 stk blei ikkje det så veldig myke pr person og me fall alle for den enorme cockpiten med dei 2 bordene. Eg har leigd seilbåt ifbm jobb og har lært at me mange i båten er friveg gjennom cockpit til salong veldig praktisk!


Sidan me har hatt Hanse i 11 år vart det fristande med samme merke og sjølv om det no berre er seiling ifbm regatta føl eg med på kva som skjer og visste at 410 er Hanse sin nyaste båt. Den me har leigd er ein 2024 modell som startar charter i mars. Agenten advarte mot å leige heilt ny båt, men me vart enig om at i Sept så er nok evt barnesjukdommsr ordna. Me krysse fingrane for da, det vart for fristande å velge akkurat denne båten for ein som elsker ny ting😂


Enorm cockpit er trenden, 40 fotar med 2 bord og mulighet for solsenger ved å senke borden er voldsomt, men også praktisk med 6 stk på tur der damene vil sole seg mest mulig 



Båtførerprøve tok eg for snart 40 år sidan på ungdomsskulen så ein my runde der trengs for å ha papirene i orden. Vhf kurset er antakelig godkjent, men ingen krise om dette også må repeterast.

Dette blir nok høgdepunktet i 2024!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar