torsdag 21. mars 2024

Huglo tidlig i Mars!

Med nypussa båt og utleigd leilighet på fjellet vart det fristande med rekordtidleg overnattingstur i båten. No overnatta eg allerede helga før ifbm utlegging av brygger i Eggøyo, men denne gongen var det herr og fru på tur. Målet var dei 2 trimtoppane på Huglo og i nydelig seinvintervèr la me kursen til Nordhuglo fredag kveld. 



Flotte forhold å ligge ved Huglabutikken. Her hadde dei også vatn så tidlig på året, det er jo ikkje berre, berre å finne andre stader i starten av mars. Med straum kunne me ha på varme i båten om natta og lufttørker (me brukar aldri dieselvarmeren når me søv). Dermed var temp og klima som heime. Digg med godt isolert heilårsbåt!



Lørdag morgon børsta me støv av utleigesyklane på Huglo (gratis) og la i veg, første post er heilt sør på øya (Sjønhammar) og den andre ganske langt nord så tross syklar brukte me nesten 4 timar på turen.


Andre topp for dagen, eg merkar at formen kunne vore betre. MEN, det er flott å komme seg ut og her har du også veldig flott utsikt over Sunnhordland i alle retningar.


Lørdag kveld reiste fru heim igjen (landsetting i Breivika nedanfor huset vårt), men eg gjekk videre til Løykjelsøy og overnatta der til søndag, med ei god bok. For ein flott plass dette har blitt etter alt som er gjort der!







 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar