torsdag 21. mars 2024

Sleping - 24 nmil

Dessverre vart det eit større slepeoppdrag også i mars. Slektningen med NB840 og nyare motor fekk turbohavari og med mykje olje på sjøen bak båten vart det ikkje anbefalt å gå med båten til verksted. 

Dermed var det berre å kaste seg rundt å få båten heim mellom kulingane og onsdagen var einaste dagen med stille ver så me kasta loss kl. 0500, først frå Leirvik til Skjersholane for å fylle tanken og så utover til Eggøya der båten låg fra helga før. Men dette førte også til at det faktisk blei den 4. overnattainga i båten i år sidan det var dugnad i Seilforeningen til seint var det berre å legge seg i båten og stå opp 0445:)


Ganske magisk å gå ut heilt i bekmørke, sjelden eg er på sjøen når det er heilt mørkt. Men det er jo flott, Iphone 14 tar gode bilder i mørket så det ser ut som det er lyst, men det er det altså ikkje...
Verftet lyser godt opp ja:)


Innløpet til Skjersholmane har fått straumbrudd og til og med med lyskaster var det vanskelig å gå inn der pga all landskugge.




Ikkje noko tungt slep, det foregjekk i 5-6 knop med mellom 1200 og 1500 omin på Volvoen. Den brukte ca 1 liter ekstra på samme turtall... 

No ligg båten på verksted og ny turbo er bestilt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar