tirsdag 28. januar 2025

Rens av kjølarar og injectorsjekk (1228 timer).

Notat: 72 liter diesle fylt, styrbord tank full.

Timer: 1228. 75 sidan sist oljeskift.

Logg:

Iflg håndboka til Volvo skal varmeveksler og oljekjøler renses kvar 5. år. Mitt inntrykk er at dei fleste ventar til dei får temperaturøkning. Me har ikkje dette på vår, den ligg dønn på 85 grader, men dumt å vente på noko slikt så no er båten på lokal verkstad for rens.

Mange sverger til syrevask, men verkstedene skrur heller ut og gjer dei 100% reine, så også her.

Samtidig blir dysene sendt inn og trykktesta, berre for å vere sikker på viktige ting er i orden.

Avtalen var levering på mandag 28.januar, men det bles kraftig. 17 m/s på vindmåleren på verfte så når eg la sørover og fekk den voldsomme sjøen på låringa fann eg det best å snu. Båten fekk vaska seg skikkelig, men samtidig bevist at den er skikkelig god i sjøen👌

I dag hadde sjøen lagt seg og nesten vindstille, så no vart den levert i fin kveldssol, men litt vårlige 8 grader.

Kanskje det vert vårpuss samtidig no, den er så grodd at det frister veldig og det ser ut som det er ok temp i neste veke…

Impeller må også nyttast, men resten gjer eg sjølv…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar