- Tur: Haugesund-Feøy-Langvåg
- Distanse: 64,5 nmil
- Forbruk: 109 liter
- Motor: 1255 timer
Svigermor inviterte på Per Kjerstad Show i Festiviteten og med flott Aprilver vart det for fristande å ta båten sørover, tross planer på søndagen.
Me måtte komme oss tidlig til Haugesund for å rekke middagen før forestillingen så fredag morgon tok jeg båten til Skjersholmane, der den låg før. Her er det gsngavstand til jobb. Kl 1445 la me avgårde mot sør, litt meir sørleg vind og bølge, enn venta gjorde at me måtte legges oss på maks 14 knop for å unngå harde slag. Ved Ryvarden fikk me sjøen meir fra sida å kunne halde vanleg marsjfart siste stykke og kom inn innløpet til Smeasundet kl 1610 så den turen gjekk fint. 48,5 liter brukt.
Det er ikkje dieselforbruket som er den høyeste kostnaden med å ha båt, men det er nok den mest synlege og med tur rundt Stord i Påsken så går det nokre tusenlapper i diesel pr mnd. Derfor er det likevel kjekt når me kjem ned på 15 kroner pr liter…
Det var meir humpet nedover enn ein får inntrykk av, men herlig ver…
Lørdagen gjekk med tidleg ut til Feøy, Røver har me vore på fleire gonger før, men det har aldri blitt til at me har gått til Feøy. Herlig plass og me fekk oss ein lang tur. Imponerande velholdt bygninger og hus der ute! Butikken var veldig sjarmerande, det å komme til slike små perler er verkeleg ein av dei store gledene ved å ha båt…
Minnesmerke over dei 30 som omkom på veg tilbake til Røvær, etter ei gravferd! Svært mange var menn og dermed satt heile 13 enker igjen på Røvær med 36 ungar! Ein voldsom tragedie!
Utpå ettermiddagen gjekk turen videre i medvind over Sletta til Langevåg. Me er med på Sunnhordlandstrimmen og Dyrnes Fyr er ein av postene, litt langt var det sidan me allerede hadde fått 10.000 skritt på Feøy, men det stilna heilt av og vart èin fantastisk kveld
Tilbake i båten viste skrittelleren nermare 30.000 skritt og me kjente det godt i kroppen, men det er veldig bra med aktivitet på båttur…
Autopia Bilmesse stod på planen søndag saman med ungdommen. Me gjekk derfor frå Langevåg allerede kl 0630, no var veret surt akkurat som meldt, me klappa til Kai 0730 på Leirvik og tok bilen til Stavanger.
Ein veldig fin og innholdsrik tur…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar