Tur: Tveitavågen-Årbakka-Onarheim-Flakkavågen
Distanse: 31 nmil
Forbruk: 47 liter
Motortimar: 1259
Fantastisk ver denne helga og perfekt for både båttur og fjelltur. Me har meldt oss på Sunnhordlandstrimmen 2025. Denne har poster i hele Sunnhordland og passar veldig fint for oss som likar å reke rundt i båt!
Målet for helga var den søndre på Huglo, Sjønhammar og egentlig både Hovlandsnuten og Tysnessåta, men det var før me hadde oppdaga at Hovlandsnuten er ein ganske frisk tur. Dermed valgte me å ikkje gå rundt Tysnes denne helga, men ta den meir bedagelige Blåbærhaugen frå Onarheim på søndagen.
Fredagen la me oss i Tveitavågen på anker og gjekk til Sjønhammar, det å gå frå båten på anker sitt litt inne, men lite vind og løyande så tok eg sjansen:) Me brukte ca 1,5 timar, men èin kan gå èin raskare veg om det er viktig! Me valde stien, men var skuffa over kor rasert det var på delar av den turen, svære maskinar har vore inne å tatt ut tre…
Kuhidlaren, her søkte buskap og folk le langt tilbake i tid…
Fantastisk morgon på lørdagen! Her rett før me gjekk til Årbakka…
Paddeflatt hav…
Ferdig fortødd på Årbakka og etter ein liten matbit satte me kursen mot Hovlandsnuten. Dette er ein fysisk litt krevande tur, bratt opp og ned, men utsikten på toppen er rein magi i slikt vér. Eg gjekk i shorts, men møte med 2 hoggorm på veg opp gjorde at eg angra på det valget. Den eie hadde gjort seg klar til hogg, berre ca 30 cm frå foten, før eg oppdaga den, rett og slett litt ekkelt. Vanskelege å oppdage. Etter den siste fann eg eit pinne eg hadde føre meg oppover og nedover.
Me brukte 1t og 50min frå båten til toppen, me snakka med ei dame på kaien som meinte det gjekk 1t 30min. Men då er du sprek, me hadde ikkje noko lengre pause på veg opp heller, men me gjekk ikkje hardt så litt fortere hadde me klart, men da e ikkje poenget for oss…
Vel nede var det tid for heimelaga pizza i medbragt pizzaovn (perfekt for båttur sidan me kan bruke samme gassflaske). Denne ovnene (Onni12) fåes også med trekk som den kan bæres med så den er lett å rigge til og stue bort…
Vind frå sør er dårleg på Årbakka, men det roa seg til kvelden så me låg til søndag morgon, flytta oss fra landhandelen til den offentlige kaien for å få sol når me kom ned frå fjellet. Her skal du ikkje ligge meir enn 2 timar, men sålenge det er ledig andre plasser går nok det bra!
Søndagen bles det tidleg så me flytta oss til Onarheim og var klar for Blåbærhaugen kl 11 allerede.
Trasig med brannen rett før anlegget var ferdig, no snakker dei om 2027 før det er bygd opp att…
I bakgrunnen her får ein inntrykk av stigningen opp til Hovlandsnuten på 727 moh.
Flott anlegg med veg heilt opp om èin feks er dårleg til beins. Litt ekstra trim på meg som 1 km nede kom på at jakka låg igjen😅
Heimover gjekk me via Flakkavågen der me var av og til i ungdommen. Flott plass, men hugs bru på 4,5 meter!
Knallfin helg, rett og slett. Neste me vurderer å ha med i båten er samanleggbare syklar då det vil betre radiusen vesentlig feks om me skulle prøvd fiskelykka i ferskvann, rundt forbi… Om det blir så må det bli litt skikkelige syklar, ikkje sånn bysykkel… Paratrooper ser bra ut… feks
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar