Tur: Rundt Stord
Avstand: 59 nmil, inkl dvs avstikkere og skyss inn/ut Eggøyo
Timer: 1242-1247
Skjærtorsdag kl 2030 var det endelig tid for båtpåske. Palmehelga vart tilbrakt på fjellet, men i år er det veldig lite snø for oss som likar langrenn, men me fekk oss ein flott tur frå Korlevoll til Steinavatnet, med litt bæring av ski i starten.
Men hektisk på fleire frontar gjorde at det ikkje vart båtpåske før skjærtorsdag kveld.
Familieselskap på Eggøya i morgon, så i kveld gjekk eg austsida og Langenuen, sidan eg uansett skal plukke opp gjengen i morgon tidleg på Fitjar.
Favorittplassen på austsida er Færøysundet og restane av det som er igjen av den gamle hummerparken. Fin kai som er kledd med treverk. Seint vart det, men kom meg i havn rett før eg måtte brukt lyskasteren. No e da endelig tid for ei god bok
Èin av grunnane til at det vart seint er at oppussingsobjektet må èin tur til på verkstad. Det ligg sjøvatn under motor, eg har trudd det kjem frå drevet, men verkstedet meinar det ikkje ser slik ut og at det kanskje står vatn framme som renn bakover, det har eg ikkje tenkt på. Uansett er det veldig viktig å ha kontroll på slikt før èin leverer frå seg båten, verste eg veit er situasjoner med ting som dukkar opp i ettertid. Det skal me unngå. Båten er solgt så me må berre finne ut av dette samt få èin liten justering av kalesje så kan den overleverast
Litt meir diesel måtte fyllast…
Nok om det, vel fortøyd i Hummerparken var det tid for bok, Jørn Lier Horst, Foræderen denne gang! Veldig god bok som var ferdig lest om morgonen 1. påskedag.
Tilbake til langfredag, familien vart med frå Fitjar med retur samme dag pga konsert på ungdommen. Veldig kjekk tradisjon med familietreff i Eggøys. Denne gongen var det 30 årsdags feriing også!
På veg inn Fitjarvika vil du no treffe på denne «fiskebondekåno», èin trefigur lag med motorsag av kunstneren Arne Askeland! Flott!
Eg var litt tidlig ute så eg seig innom Gloppevågen, lenge sidan eg har vore der…
Mykje kjekt i Eggøya med grilling, freesbee og ikkje minst Hitster og høg stemning med enkelte dårlige tapere og kanskje enda dårlege taparar😅
Søndag var det dags for retur etter at me hadde dradd gadn, men litt laber fangst!
Eit «problem» ned ein familieplass som Eggøya er at en går forbi fine plassar, utan å ta seg tid til stopp, no har me hatt nokre unntak får den regelen og i dag vart det eit nytt unntak! Hisøya. Artig plass og alvorlig godt beskytta kai for alle vindar, men veldig grunt på fjære sjø! Eg gjekk alle stiar på øya og fekk èin god trim med 6000 skritt!
Litt forskjellig å sjå her, eget vatn og hytte til låns var der også. Kaien er nok ikkje meint som lengre ankerplass for fritidsbåtar, men til dei som leiger hytta.
Vel, etter det var det berre å komme seg heim…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar