søndag 6. april 2025

Huglo og Høgafjellet

Til: Huglo

Avstand: 14 nmil

Motortimer: 1240

Det flotte aprilveret er på hell så dagen måtte brukast i båten når det er så lite snø på fjellet. Ikkje hadde med tid til meir enn søndagstur denne helga heller..

Starta med å fylle 63 liter diesel til hyggelige 15,79 pr liter. Skuffande nok måtte eg også denne gange etterfylle ørlite kjøleveske. Les at mange opplever at det går tid før det stabiliserer seg etter at heile systemet er tatt ned, forstår det er noko anna enn når èin berre byter kjøleveske.

På hakket over 3000 omin så passert me 20 knop, ikkje verst. Muligens ørlite medstrøm, men ikkje mykje. 37 liter pr time iflg måleren, det betyr 1,85 pr mil. Veldig nøgd med det.

Målet for turen var Høgafjellet, flott tur. Kom vind frå nord på veg ned, men lunt og godt i båten så me spiste middag før me gjekk tilbake…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar