onsdag 2. april 2025

Røssbøvik

April starta med draumever i år. 16 grader 2. april gjorde at tross mykje anna så måtte me komma oss på sjøen.

Irriterande nok har da vore veldig liten fangst av fisk i vinter tross nokre forsøk, så planen var èin fisketur med litt strandhugg. Eg gløymte stampen så dermed låg me godt ann til å få noko, er det ikkje alt slik. Joda, det var både små og stor sei og èin torsk. Det minna meg på at eg må gjere èin jobb for å sjå om eg får spylepumpa til å fungere igjen…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar