Trimpoengene drar oss fortsatt ut på tur, eller dvs når me skal på tur så ser me etter plassar som kan passe med Trimpoeng poster. Me trives veldig godt begge med å ha noko å gjere og trimme når me er på båt. Vi over 50 må trene for å halde kroppen vedlike…
Denne gangen er dei «nye syklane» med og planen er å sykle frå gjestehavna til parkering for Siggjo på vestsida! Her er dei rigga opp, men dei får plass i lasterommet når dei er slått saman, men skal kjøpe bag til dei så me slepp å stripe opp gelcoat og syklar…
Eg kunne ikkje hatt èin sånn bobil sykkel med trillebårhjul så me enda på Paratrooper, made for the US army. Virkar veldig solide og tross gml syklar så fungerer dei veldig fint. Nye er det fort 15.000 for den svarte (pro) og 12.500 for den i sølv (ikkje pro). Me fekk begge for 5700, det var nok billig, men uansett er slikt smart å kjøpe brukt. Så mange mil blir det ikkje pr år og det blir nok bra med slitasje når det skal slås opp og ned heile tida…
Siggjo er utsatt til 2. pinsedag sidan me fekk hyggelig besøk av vår yngste på lett MC, dermed blei det sosialt og ut på restauranten i båthavna. Veldig god mat var det også!!
Bra me ikkje visste at Bergen Motorbåtforening hadde leigd heile gjestehavn, makan til usympatisk oppførsel når me spurte om dei kunne flytte nokre joller for å gjere plass til oss. Ingenting er som å møte cocky Bergensere, og det er dessverre ikke første gang!
Greit dei har fått leige heile havna, men det går fortsatt heilt fint å vere litt ydmyk og ikkje berre først gjere som èin ikkje høyrer deg og så forklare «viii har leid heeeele havenen så hær e alt OPPTATT»… Vel, vel. Sikkert kjekke folk. God stemning og ikkje noko bråk.
Jaja, me fekk oss ein fin plass med kaien etter nokre timar utpå ein anna som hadde lidd samme skjebne når har prøvde seg ved flytebryggene hos Bergenserne😅
Utpå kvelden vart det litt fristande å prøve syklane litt så me tråkka 8 km tur-retur til stien som går opp på Lyklingfjellene. Bedagelig tur som uansett er mykje bedre enn berre å sitte i båten med godt i skåla og glaset… Det gjorde me etterpå berre så det er sagt😅 Ingen dydsmønster, men med litt hjelp av legen har også den mannlege delen innsett at fysisk aktivitet må til og det er jo veldig kjekt når ein har komme over dørstokkmila!
Søndag kl 1040 var me av gårde på dei 5 km til Siggjo parkeringa på vestsida av Siggjo. Før turen opp starta. Kl 1155 var me oppe så opp på godt under timen må vere bra. Litt ulent fra denne sida, Skjerpatrappene er på austsida.
For èin fantastisk utsikt! Heilt ufattelig at eg som Stordabu aldri har vore her før…
Når me kom ned var alle båtane forlat og me var «plutselig» heilt åleine. Me gjekk sakte ut og ned gjennom Røyksund og var ikkje ferdig med reker til middag og oppvask før Skjersholmane. Me måtte litt opp i fart både for å blåse ut av motor å få tømt septikk før me fortøyde…
Det mykje omtalte cruiseskipet «Rotterdam» låg i innseglinga til vår heimehavn på Leirvik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar