lørdag 31. mai 2025

Kristi himmelfartsdag…

Tur: Nautøya

Distanse: 11 nmil

Forbruk: ? Gløymte å sjekke

Motortimar: 1265

Diesle: 98 liter til 14,79 kr. Måler viste 89 brukt)

Ein inneklemt «søndag» er ikkje å forakte, dessverre for hektisk på jobb til å ta fri fredagen slik mange gjer. Uansett skal me på revy og gå Store på langs saman med 28 stk kommande laurdag. Søndag set eg kursen mot Østlandet med bilen for både å delta på NorShipping og Indistriuka.

Samtidig skal eg hente dei to brukte sammenleggbare syklane eg har fått taki rimelig der, ingen ville sende i posten… Blir interessant å sjå om dei blir mykje brukt, me saknar iallefall mulighet for å komme oss lengre av gårde på land. Eg er i tillegg veldig glad i å sykla, fruen kanskje ikkje så glad, men heilt greit.

Alt styret på Østlandet var for å få tak i skikkelige sammenleggbare syklar, Parartroopers offroad syklar… Èin svart og èin sølv…

Vel, i dag gjekk turen til Nautøya, for å ta dei 4 trimpostane der, litt vel mange akkurat der syns no eg, på den 1,5 km løypa, men det er èin fin tur eg aldri har gått før, tross ørten ganger med båt på Nautøya så for meg hjelper det stort med desse trimpoengene😅

Me vart overraska over at det var akkurat like langt til Nautøya som Mjåneset, virkar mykje lengre til Mjåneset…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar