mandag 25. mai 2026

Pinsen 2026

​Pinsen markerar ofte skift fra vinter til sommar sesong for oss. Ombord kjem feks syklane, sjølv om Pinsen i år er surare og kaldsre enn 1. mai helga.


Sist fylling var i mars rett før prisane gjekk i taket, heldigvis har dei komme ned til levelege nivå igjen. Samtidig veit me jo at me må belage oss på høgare prisar framover, men det vil sjølvsagt også bli mykje dyrare med feks flyreiser...

Fredagen kom litt brått så me gjekk berre til Huglo for å gå Trimpoeng-postane der, Høgafjellet vart tatt som ein kveldstur før reker til middag. Det er bra fruen pushar for turar for det blir unektelig ekstra god mat og drikke på båttur!


Regn 45 min til toppen så det er ikkje Mount Everest akkurat, men god og varm vert iallefall eg før eg er på toppen. Gjennomblaut av svette lurar me på korleis me klarte oss utan dusj før:) Ikkje noko service bygg på Nord Huglo, men sjølvbetjent butikk med lange opningstider er perfekt!

Lørdagen var det sesongopning for sykkelsesongen, 10 km tur/retur før dei ganske korte turen opp til Skjønhammer på 112 moh. Men uvant på sykkel, møt i låra og søkkvåt av svette igjen:) 


På returen svinga med innom Myrvold gård, midt på øya. Me har alltid sykla forbi, men dette var ein positiv overraskelse. Ein liten dyrehage og koselig kaffe. Litt slitt kanskje, men det var nok litt før sesong! Me tok turen og såg på alle dei flotte fuglane, slangene, men tarantellen såg me ikkje så me tok ein ekstra sjekk i sekken før me sykla tilbake og la turen til Onarheim, lørdag kveld! Den heimelagde sjokoladeisen anbefales!!


1. pinsedag var det duka for nye trimpoeng, me har aldri vore på Salsborg. Det er den viktigste grunnen for oss til å gå etter poengene, ellers havnar me fort på dei same plassane.

Onarhamn er bygd av laksemilliardær Alsaker og han er som mange av desse veldig flink til å bygge opp lokalsamfunnet. Blåbærtoppen har feks vei heilt opp, bryggeanlegget er tipp topp og nytt i år er gratis sauna utpå bryggene. Mykje kan seiast om laksenæringa, men det som er bra tar me altså med oss😅 Slik er me enkle!

I skrivande stund er det 2. Pinsedag, snart er det kvardag igjen. Men me prøver oss til Blåbærhaugen 297 moh før me set kursen heimover, regn og ekstra surt i dag. Planen var å sykle til Årbakka for ein kaffi og vaffel, men spørs om veret gjer at me står over denne gangen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar