Nok ein båttur med topptur på programmet! Herlig utsikt frå Gråskallen ovanfor Husnes!
Sidan Pinse-turen har eg fått ferdig oppgradering av varmaren, det vart veldig bra. No er det mulig å verkelig få inne-temp under kalesjen også. Eg tok ein runde med rens av puter som har vore planen heilt sidan me kjøpte den, sikkert aldri blitt gjort og sjølv om dei såg reine ut så vart vatnet svart.
Turen innover og utover gjekk sånn 50/50 på sakte fart, slik drøyer me dieselen og har samtidig veldig god komfort. Ein fordel med aksling er litt kjøl er jo at båten held stødig kurt, me passar berre på å gi på litt og går ikkje på lav fart meir enn maks 1 time om gangen så gir me på minst 10 minutt. Det skal vere best pratic for den dyrebare sølvklumpen. Støymessig er det først og fremst på lave turtall den går så mjukt og stille. Opp mot full fart så er støyens om i andre båtar, kanskje også litt høgare i frekvensen enn f.eks D4en så me finn det komfortabelt og halde oss til maks 3300, då kan me snakka roleg saman og støymåleren ligg no etter isolering på 75-76 db, bedre trur eg få båtar klarar.

Kort tur denne gangen der me ikkje kom i havn før kl. 1800, men likevel god tid til å steike pizza i Omni ovnen me har ståande ombord. Til denne våren og forsommaren å vere så vart det ein usedvanlig flott kveld!
Med 5 ganger zoom på mobilen ser det nesten litt rart ut at me brukte heile 5 timar på turen, utan særleg stopp...
Fin helg igjen, samme prosedyr, god mat og lange fjellturar. Det er ein bra kombo!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar