lørdag 8. august 2026

Sommarferien 2026 - Dag 10 - Stavanger

Me hadde ikkje tenkt oss lengre enn til Stavanger så relativt tidleg kasta me loss frå Tau og gjekk over fjorden mot Lindøya og Stavanger i havblikk og overskya.​

Greit å komme tidleg i havn i Stavangar, ellers kan ein gløyme plass i fellesferien.

Uansett var me så tidlege at me stoppa eit par timar på Lindøya, her har me ikkje vore sidan me var der med seilbåten i 2008 trur eg det var! Flott plass, godt med litt trim rundt øya på dei fine stiane der

Eg les egentlig berre bøker i båten, men då les eg mykje. Det går alltid i krim, men på bruktbutikken i Skånevik kom eg over denne boka. I Stavanger var den lest ferdig og det er interessant og tankevekkande å les om krigen og det folk måtte gjennom for vel 80 år sidan. Me har mykje å takke dei for og ein må aldri gløyme. Kanske meir aktuell bok enn på lenge dette...


I Stavanger fekk me vår beste dag i ferien 22 grader og delvis sol. Me storkoste oss, vart liggande att me ein Viknes 1030 2022 modell med trivelege folk frå Sogn. Ein kan jo drøyme seg bort litt, men uten ein skokk med barnebarn eventuelt så er det meiningsluast med større båt for oss, meir fart kunne eg likevel tenkt meg og der har eg ein plan som det nok kjem litt info om snart...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar