Me fekk trimma oss bra på syklane både dagen me kom og før me la kursen til Tau. Først sykla me mot fergeleie på Sjernarøyane, då kom me over denne bruktbutikken som kanskje lova litt meir enn den kunne halde med ein Pleikan som trekkplaster:) Say no more...

Heilt supre vega å sykle på. Det var rundt 20 grader, men sporadisk plaskregn så her var mulighetane for å bli søkkblaut i løpet av turen store.
Hjalp ikkje å kjøpe 3 fot større båt, fortsatt blant dei minste, men der trives me godt...




Me snirka oss sørover frå Helgøysund, innom Rossøya som er ein av perlene dei har i Ryfylke, men som på alle tilrettelagte plassar blir det alltid fult med båtar. Me kunne lett spurt om å få ligge utanpå ein av motorbåtane, men me hadde ikkje noko god plan for middag så me tøffa videre til Tau heller
Tau var ein positiv overraskelse, fin gjesthavn og flott tilrettelagt.
Påveg for å hente take-away gjekk me gjennom ein park og den var verkeleg flott lagd til...

Ein roleg kveld i gjestehavna på Tau, saman med mange bobilar. Glad me har båt...:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar