Om morgoen la me kursen mot Våge for handel og dieselfylling. Planen for kvelden var å ha med gode venner å overnatting for første gong i "nybåten". Det vart for tett i 870en, men er ein av fordelane med 32en, med egen dør til forpigg og mykje større plass, speselt framme, men også i salongen. Ute er dei ganske like, men der var også godt om plass i 870. Litt tett blir det i båt, men det gjekk heilt fint ein dag iallefall og kunne godt fint lengre også, men no skulle me til Austevoll på Plaepop på Stolmen.

Det var mykje båtar oppover i Lukksundet og også på Våge, men her er veldig god plass. Det var litt kombinasjon av 6,5 knop og 17. Greit for både lommebok og motor.

Våge er ei flott havn som er veldig populær
Trist å sjå at ein så flott plass som Godøysund berre forfell meir og meir...
Dyret må ha mat... Me fyller ofte og lite. Den er tung nok om ikkje me skal ha smekkfulle tankar også...
Artig med ei pumpe som reknar feil:)

Flott i sundet ved Godøysund, eg innser at min telf ikkje er best på kamera lengre:)
Staselig båt, spesielt forfra syns eg. Mykje meir moderne inntrykk enn Viknes 1030.

RM, vakkert og moderne. Vekkjer enda meir oppsikt i gul! Gult er tross alt kult så nydelig sak dette!
Lokksundet, mykje båt, det er jo kjekt å sjå i fellesferien...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar