Fredagen gjekk turen til Austevoll og helgas PalePop på Stolmen. Me la oss hos gode venner i Vinnesvågen som vanleg. Der ligg me godt, men sør og søvest er ikkje beste sort. Helga vart triveleg, men igjen sikkelig drittver. Heldigvi har dei ile me kan dra oss frå kaien med framme og eg padla ut ankeret bak så me låg perfekt, uten rykk, men litt slingring blir da med halvmetersjø på sida.
Hilde Skår imponerte, ekta og fin opptreden

HM Johnsen, inne i løo til Stangeland Gard, skikkelig intimkonsert, flott opptreden, men da va og litt godt å komme inn for å få varmen. Som varmblodshest tenkte eg at shjorts og seilerjakke skulle gå fint, men til og med for meg vart det kaldt utover kvelden. Så kaldt vart det at ingen av oss orka å vente på Nico og Vinc som kom på scenen først over midtnatt. God plan av arrangøren, men det fungerer ikkje i dårleg ver...
Lørdagen var det hyttever og me låg til søndag før me satte kursen mot Eggøya.
Vel ute i fjorden kom det berre eit helsikkes ver så me snudde, gjekk Nuen og tok eit par dagar heime i det verst møkkaveret. Heldigvis var det meldt bedring tirsdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar