Ønsket var ein nyare 870 med 290 hk Yanmar, men dei kom akkkurat over den magiske grensa på 900.000. Eg var mellom anna å såg på ein i Fredrikstad til 925.000. Eg var litt på glid på den når ein to år nyare med D4-260 dukka opp til 880.000. Denne låg i Bergen og sjølv om den kanskje ikkje var heilt strøken så virkar den å vere godt holdt på det tekniske. Matt var den i gelcoat, men det kan gjerast noko med. I det pandemien står til har me ein ny båt å hente heim. 820en vart solgt til Sogn og dagen etter henta eg 870en heim. Det var berre frå Sotra så denne gangen gjekk eg åleine, første gong pappa ikkje var med...
Etter kvart som me vart vant med 870en fann me ut at dette var ein veldig flott båt, fleire eg har snakka med som har samme båt, har sagt nett det same, du blir berre meir og meir glad i denne båten. Me har holdt oss på Vestlandet med båten, men hatt mange flotte turar. Utsira og ut til Zefyros windturbinen før me gjekk til Kvitsøy er ein flott tur, den lengste vart til Utvær og Bulandet. Ikke veldig lange turar mao, men mange fine i nærområdet, båten har blitt brukt jevnt året rundt. 780 timar stod tellaren på når me kjøpte den i 2020. Lenge tenkte eg at dette blir vår siste båt, passe stor, passe dyr, passe ny, ja... EIn kunne levd lykkelig på dette nivået, hadde det ikkje vore for "handlingens mann..."
Sommaren 2024 var me nokre ærend i Harstad og då er ein jo nært Harstad Marina som, av og til har kjekke bruktbåtar for salg, det skader jo ikkje å berre ta ein tur nerom? Eller...
Vel, der låg det ein NB 32, båten var under salg med fleire budgjevarar, men me fekk nøklane og kunne ta turen ombord for å sjå likevel. Det rare med slikt er at det som var veldig bra før, blir ofte plutselig ikkje fult så bra når ein ser noko som er enda betre. Slikt er ikkje bra for ja, handlingens... osv.. Heldigvis vart denne solgt, den mangla takluke, sittegruppe ute så ja det var jo nokre minus med den båten då, men likevel vart den altså solgt over prisantydning, hmmm. Attraktive greier mao...
Resten av historien kjem i båt nr 9...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar