Men det gjekk som det måtte gå, storsiger til Hansen... Du bør ikkje stille med ein litt grodd Bavaria mot ein glatt-som-ei-barnerumpe-Hanse... Det skulle dei smertelig få erfare dei neste to dagane.

Her rett før start utanfor Føyno mot Løkjelsøya, det er null vind og det avgjorde fyrste etappen, mens Bavariaen vart liggande klarte Hansen å gli ut i fjorden der det var ein beskjeden bris som kunne bringa oss mot målet. 33 minutt etter kom Bavariaen til Hidle der me hadde satt målgang.

Ferden gjekk så til Løykjelsøy der me skulle få høyre at me hadde tjuvstarta, ein desperat påstand frå motparten som me sjølvsagt tek sterk avstand frå, men me skulle få oppleve fleire beskyldningar utover helga...

Her er me på veg ned sundet ved Høylandsbygd, bildet er sjølvsagt tatt frå Bavariaen, igjen vart det siger, men ikkje så mykje som på fyrste etappe, men det er klart, Hansen går best og noko anna ville vore ein gigantisk nedtur, det er sjølvsagt likevel slik at om Bavariaen hadde vore strøken under så kunne det kanskje blitt spennande i den litle vinden, berre med kryssfokk. Det gjenstår å sjå mao. 19 minutt føre i mål ved Skånevik, for berre å vise musklar segla me, etter målgong, utigjen til dei, forbi og på nytt fyrst i mål. Litt drygt kanskje, men er du høgt oppe så er du høgt oppe.

Skånevik er ein flott plass, men utelivet ein fredag kveld i september er ikkje mykje å skryte av. Sterk vind om natta gjorde sitt til at forventningane om endeleg å få heftig vind å kappast i våkna til liv, dessverre var det sjølvsagt så godt som blikkstille når gjengen endeleg var klar for ny etappe laurdagen. 3,5 timar tok det dei fattige 5-6 nmila til Fjellberg. Vel, det var meir spenning denne gongen då me gjekk inn i eit stillebeltet og Baven nesten tok oss igjen før me fekk vind. Igjen vart det krangel om målpassering og div avtalar gjort på førehand, men, men.

Kjempetur!!!! PS! Alle bildene er henta frå den om talte Bavariaen, http://www.raunholm.blogspot.com/. Der kan ein lese om deira opplevelse av turen, det finnes også ein videosnutt frå siste etappe som med all tydelighet viser at helga har tatt på for nokon og ein kvar ombord der...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar