tirsdag 3. september 2013

September-seilas i shorts!

Igjen var det været som gjorde at eg pressa inn ein Tirsdagsseilas, men mykje orging i heimen for å då det til!

Eg fann ikkje noko anna enn shorts heime i farten, men tenkte eg kunne ta på meg seilerbuksa i båten, men det var heilt unødvendig, for ein dag!

Det vart meg og Torleif i dag, ein stødig kar med den rette interessa!

Starten og løpet måtte me ta sidan me vart nr 3 forrige gong! Styrbord Otterøya vart meir enn langt nok, me fekk ein dårlig start, men var på rett plass utover og var såvidt føre Silje ved runding staken og dermed 3. båt av 8.

Heimover letta vinden veldig og det vart vanskelig å halde fart i båten. Me låg ein periode greit ann, men enda til slutt med å ta ein sjanse ved Skjærsholmane i håp om å ta igjen Silje, Xanadu og Mojo, det gjorde at me nesten mista 4. plassen til Ove som kom bak, men eg trur det skal halde. Flott tur, uansett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar