søndag 22. september 2013

Lufting av seil med minstemann!

Hektisk aktivitet med fjellturer og hage har sjølvsagt ført til at båten har blitt liggande. Vêret har heller ikkje vore så freistande, men i dg klåra det opp så det vart høve til å tørke seil og nyte ein kort tur på fjorden.

Ola va med, veldig kjekt, men karen e ei "nevaklå";) Plutselig raste storseilet ned i lazybaggen! Ola hadde fikla med Spinlocken. Ikkje så farlig i seg sjølv, men bra at fingrane ikkje hang seg i fallet som han holdt i når det raste ut...
På vei inn fekk me plutselig frisk nordavind og 8 knop med stikk i skjøtene:)

Autopiloten blånekta på at den hadde kontakt med kompasset og dermed nekta den også å fungere, ein kjent og meget kostbar Simrad mld, me får håpe det ikkje er ny styreenhet som står for tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar