lørdag 9. juni 2018

Dag 2: Askvol eller deromkring

Me kom til Fjordsailing ved LilleBergen litt før kl 20 i går. Me fundert på å gå videre til Feste, men me måtte fortøye hos FS for å hente skaplåsen og då tok me like godt kvelden der.


Låsen låg under nokre tau ombord her, eg syns dei skulle lagt nøklane til denne skjønnheten der også;) Dehler 42, eg hadde ikkje akkurat blånekta:)


Grytidlig oppe i dg, motivasjonen er på topp og etter ein meget solrik dag i går og mykje sjøluft sovna både eg og pappa i 22 tida og dermed er gluggane vidopne kl 06! Ergo berre å legge avgårde. Med fløande sjø får du også medstraum gjennom Alverstraumen så med foss gjennom med nesten 8 knop (+2 knop strøm) kl 07. Kl 09 ville det vore motsatt og tatt dobbelt så lang tid:)

Vel, me får sjå kva dagen bringer, kanskje ein liten stopp på Skjerjehavn om ikkje det er for mykje nordavind der:)


Me har dagen for oss med avreise kl 0630, så god tid til ein «kaffi og is» stopp på Skjerjehamn. Fantastisk plass som me begge har vore innom før! Planen var å fyke drona her, men så kom me midt i utegudstjenesta og kanske var det drygt mykje vind til slikt også. 


Sognefjorden var mykje flottere enn eg hadde sett for meg, i dette riket har eg ikkje vore verken med båt eller bil. Verkelig ein flott opplevelse, tross kald nordavind


I det me runda inn til Askvoll med den majestetiske Alden i nord-vest fekk me endelig seilt litt og stoppa motoren!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar