mandag 18. juni 2018

Dag 10: Uthaug (Ørlandet) - Småværet- 59 nmil

Ja, då har me fortødd på Småværet, 59 nmil frå Uthaug. Me har runda den berømte Buholmråsa i fint driv for berre storseilet, langt om lenge kom sønnavinden i dag også og me fekk eit par fine timar for segl på slutten!

Eg var skikkelig trøtt etter 15 timar bak roret i går så planen var å sove ut før me la i veg, men det gjekk skeis når ein Polsk seilbåt med 17 polakkar kom i havn kl 07. Med ropert frå styrehuset gav skipperen ordre så halve Ørlandet måtte ha høyrt det, jo då var det på tide å stå opp, FRI måtte flyttast for å få plass til den digre seilaren! Men ikkje misforstå, det var hyggelige folk ombord, dei bytta mannskap kvar 14 dg og båten var eigd av ein seilforening i Polen såvidt eg forstod:) Bildet gløymte eg å ta!


Første prosjekt var å få fylt diesel, det fann me endelig i Lysøysundet, 67 liter gjekk det på, så då har me fylt opp 160 liter sidan avreise. Ikkje ille mtp at det har blitt lite seiling!

Etter Lysøysundet kom me rett bak Ingrid III igjen, me tok ein prat longside i lav fart før me la i veg igjen, FRI har noko høgare fart for motor. Dei planla å legge seg i Setervågen rett før Buholmråsa. Det hadde vore veldig kjekt å stoppe saman med dei, men det frista for mykje å komme seg forbi Buholmsråsa, spesielt når me fekk fin seilvind, før stormen!


Ikkje så fint ver i dg, men ikkje noko å klage på heller, litt regn på slutten ellers opphald.

Småværet brann ned i ein lyngbrann i 2014 og vart bygd opp igjen i 2016, derfor er alt her nytt, og sånn sett veldig spesielt. Ein flott plass, men her var ingen andre båtgjester og det er nok ein grunn til. Havna er nok ok, men me ville ikkje prøve den i storm så tidlig i morgon legg me innover fjorden til Vik i Flatanger for å få ro i sjela, det fristar ikkje igjen med den balubaen me hadde i Ålesund, det ular i riggen allerede...

Her satses det på fisketurisme. Når me skulle fortøye med fralandsvind frå bryggene gjekk det ikkje heilt som det skulle, me fekk jollen mellom brygga og båten og sirkushesten kan ikkje hoppe:) Vel nokre velvillige tyskere kom springande til, supert sjøl om me nok hadde fått det til, til slutt;)

Me er no komme inn i Nord Trøndelag og framdriften var vore voldsom dei sist to dagane med over 150 nmil. Litt synd at veret fører oss forbi flotte plassar, men bra me skal heim igjen så får me håpe det passar bedre då:)


1 kommentar: