tirsdag 19. juni 2018

Dag 11: Småværet-Vik i Flatanger (10 nmil)

Småværet var ein opplevelse og ein rask sykkeltur på morgonen gav eit enda større inntrykk enn når me kom inn. 


Det er fasinerande med slike små samfunn som klorar seg fast med voldsom natur rundt! Det finnes ingen bedre måte å ankomme slike plassar enn surfende inn mellom skummande undervannsskjær, fra langt ut i havet. Tankane går tilbake til gamledagar, det står verkelig respekt av dei som hadde sitt levebrød på slike stader, utan motor, dybdemåler, AIS, VHF, kartplottar og nøyaktige kart! Ikkje ein gong landstrøm eller dieselvarmer hadde dei, det er knapt noko betre enn å fyre den når me er fortødd og kan skalke lukene og få varmen i kalde fingrar og frostig kropp! Den supre plasseringa av sykkelen bak hindrar oss i å ha den på undervegs, men far min har løyst problemet med dobbel stilongs og hue!

Me la i frå kai kl 09, nokre timar før vinden skulle ta seg opp, me hadde fått gjort opp for opphaldet og fått ein hyggelig prat med eigaren. Han fortalte om brannen i 2014 som ikkje berre tok alle bygningane, men også flytebrygger og båtar!! Dvs dei 4 ytterste rorbuene vart spart! Under oppbygginga budde han og kona over 2 år i ei campingvogn der ute, heile året! Etter kvart som ting vart ferdig måtte det leigast ut for å halde på kundane!

Seriøs landgang og seriøs høyde-skrekk når ein skulle ned på full fjære også;)


Bryggene ligg lunt til og me kunne nok ridd av stormen der ute, men me tok ikkje sjansen... Her vil eg tilbake på returen!


Kraftig dønning nedover til innløpet mot Vik, TVen small i veggen og lagde nokre nye hakk, litt må ein ofre, men skikkelig førebuing før ein legg ut er svært viktig! Ikkje noko er meir stress enn når ting flyg rundt nede og du ikkje har sjans til å få gjort noko med det!


I smult farvatn


Gamle minner frå studietida i Bodø dukka opp på Coopen;)


Det tar seg opp med vind her også, men me ligg godt fortødd, einaste skåret i gleda til far min er at me ikkje får inn TVen!!:) Ilandsproblem.

Me blir nok liggande til torsdag, før me tar dei drøye 30 nautiske milene til Rørvik




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar