lørdag 16. juni 2018

Dag 9: Bud-Uthaug (Ørlandet) 93 nmil


Reveljen gjekk kl 0515 på Bud! Litt for lite søvn, men veldig klare for den berykta Husavika, for første gang! I dag var det heilt stille, berre gamal dønning igjen som me kjente svært godt innanfor moloen. Mykje drag og ein påminnelse om at strekkavlastarane frå heimefortøynimgane skulle vore med ombord!

Havneverten forklarte at moloen bestod av kun stor stein slik at ein del av sjøen gjekk gjennom moloen og ikkje berre innløpet! Nettopp!

Men Bud var fantstisk flott i slikt vær!

Kl 0630 la me får kai etter at ein kar frå Molde som også låg i havn og var grytidlig våken kvalitetssjekka ruta med hadde valgt i den indre leia. Ingen problem, opptil 90 fots båtar hadde han sett gå der, Huhei! Uansett kjekt å få ein kjentmann til å gå god for planen!

Vel, i slikt ver er ikkje dette noko vanskelig, berre ein flott opplevelse! Sikkert tøft nok i stygt vær med så mykje navigering! 3.8 m var det minste me hadde på dybdemåleren, då gjekk me når det var heilt på fjære sjø!

Turen videre opp til Krsund tok tid, me fekk motorseilt litt slik at farten var opp mot 7 knop, men kanskje ikkje den mest spennande turen. Kl 1130 passerte me KrSund, planen var å fylle diesel igjen, men den iherdige syklinga 4 ganger 5 liter på Bud gjorde at me fortsatt berre mangla ein strek på full tank, me fann ut at det dermed var bortkasta tid og at me heller skulle fylle på Børøysund der planen (før vinden kom) var å overnatte! Nedover Trheimleia kom endelig medvinden i det me nok ein gang traff på Ingrid III, veldig trivelig.

Me satte begge seil og fossa nedover Trheimaleia i 7-8 knop ein periode, men tross periode med kraftig motstrøm låg me over 6 knop heile tida!

Dette området er nok det kjedligaste på heile turen og det er veeelig langt, artig å sjå kor paddeflat Smøla er, uten vindmøllene hadde du knapt fått auge på den store øya:) Men ellers ikkje så mykje å beundre, blaserte som me er!


Når me endelig fekk god bør og kunne stoppe motoren vart me fort enige om å seile heile kvelden. Ein time før Uthaug på Ørlandet løya vinden og me fortødde der litt før kl 22, over 15 timar etter me forlot Bud. 93 nmil er vel rekord og med kommande ny storm der me venter å bli liggande værfast igjen i minst to dagar passa dette veldig bra/)


Etter litt vekslande ver vart kvelden veldig fin, middag ute kl 23, hua avslører at det ikkje var veldig varmt, men eg hadde shorts på heile dagen, så ikkje halvgale temp!

Sovna som ein dupp i denne rolige og triveleg havna!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar