torsdag 26. juli 2018

Dag 49: Myken - Brønnøysund (83 nmil)

Tidlig opp i dag for ein lengre etappe der opprinnelig plan var kort stopp på Lovund og overnatting på Vega, men slik vart det ikkje!

Først litt drone bilder fra fantastiske Myken!

Tidlig oppe i dg for å fyke med drona før avreise kl 06! Storseilet vart heist kl 0559 så me kom oss opp etter whisky smakinga:)



Herlig seilas første 30-35 nmil... Me droppa stopp på Lovund pga at me så det ville ta for lang tid og me ville seile mest mulig før vinden døde henn, noko må ein ha igjen til neste gang:)


Me fekk seilt skarpt med gennaker i to omganger, men ved Skipbåtsvær var det slutt på vinden og Yanmaren måtte til pers igjen! Passa bra for uten landstrøm på Myken var det rimelig tomt, den lader ikkje mykje fra motor og batteriene er ikkje på topp som kjent, dermed var det lowbattery warning på kartplotteren...


Det er sinnsjukt varmt ombord så det gjeld å finne ein plass i skyggen, snakk om heldig med vèret, i morgon ser det også ut til å bli ein flott seilas, då skal det ikkje løye heller, men blåse sør-aust 6 til 7 meter pr sek heile dagen!

Det vil me nytte oss av så me planlegg ein lang etappe også i morgon. Søndagen ser det ut for at heile govèret kulminerer med lyn, torden og stiv kuling. Heldigvis kortvarig ser det ut for!

Mandag og videre ser bra ut, om enn uten særlig mykje vind


Me fekk ikkje sett mykje til dei 7 søstrene på veg opp, men no viser dei seg fram i govèret:)

Me planlegg og planlegg ifht Kristiansund og den varsla vinden. Me fann derfor ut at med så flott vèr ville me nytte heile dagen og komme lengst mulig. Me stoppa derfor berre for å ete middag på Ylvingen før me seilte ned dei siste 11 nmil til Brønnøysund der me kom inn litt over kl 22. 82 nmil, nest lengste strekke på heile turen. Ikkje noko stress, i slikt fantasivèr!

Mannen på restaurant Himmelblå hadde på seg ei T-skjorte der det stod «Ke du vil?» og eg må sei framtoningen hans stemte på ein prikk med uttrykket;) Litt og gå på der vil eg sei!

Bak på t-skjorta stod det SeilNorge og han kunne fortelle at SeilNorge hadde kjøpt plassen og skulle ha den som base for sin virksomhet så her kan det nok bli veldig bra, men der er litt og gå på enda, eg ville malt først for å sei det slik!. Dei er uansett tydeligvis i startgropa siden det knapt var andre der ein så fin fredagskveld!

Misforstå meg rett, det er absolutt verd å ta turen innom!

Jegerpølsene smakte forøvrig godt og kuleis er lenge sidan eg har truffe på så honnør til dei for det!

Vèret er heilt fantastisk, det var 27 grader, 20 grader varmare enn når me var innom på veg oppover i Juni!



Smekkfult i Brønnøysund, på dei fine, nye bryggene! No var strøm og vatn på plass også. Flott dusjanlegg, som passar fint for oss og på tross av at me berre fekk plass på utsida (dei på innsida gjekk etter at me hadde fortødd så me gadd ikkje flytte) låg me roleg og sov godt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar