lørdag 28. juli 2018

Dag 50: Brønnøysund - Rørvik (47 nmil)

I dag skulle me komme oss forbi Buholmsråsa i den fine østavinden på 6-7 ms! Vel, det er nok vanskelig å melde slik vind for i Brønnøysund kl 0619 heiste me storseilet i nært vindstille, men ved Torghatten fekk me smake litt på kva som venta, ein periode med 15 ms som kastevind er slitsomt...


Det løya utover mot Kvaløya og me såg igjen lyst på å komme langt, men me hadde ikkje før passert Kvaløya før me hadde 17-18 meter pr sekund og det må eg berre innrømme at eg syns er stress, bølgene bygde seg opp fra land på kort tid og me har ikkje hatt i nærheten så mykje sjø på dekk på heile turen som det me fekk her...

Det skal auke på så planen er å berre gi seg mens leken er god i Rørvik til dette vèret har gitt seg, det kulminerer med lyn og torden i morgon!

Me rekk fint til Kristiansund likevel om mandag og tirsdag blir som lova!

Tidvis fantastisk seiling, men alle som har seilt veit at kastevind er stress


I Rørvik, er det Rørvik-dagar så her er det full fest, etter at ein i nabobåten ramla på sjøen, fult påkledd, kl 15, flytta me til ei anna brygge og ligg no supert til ved flytebrygge. Det å ligge godt med båten er det viktigaste for min del, då har eg det kjekt medan eg er ved kai og ikkje minst søv eg godt:)


Eg trur dette er første gang me nokon gong har måtte bruke taket på kalesjen for at det i heile tatt skal være mulig å vere ute! 32 grader, sjukt deilig!


Ein blir døsig av slike temperaturar, eg prøvde å slappe av nede i båten, men svetten renn sjølv når ein ligg heilt i ro så ein måtte ligge ute, med  cockpit taket som solskjerm!

På kvelden gjekk med for å ete og sjå på livet i Rørvik-dagan.

Burgeren på 64 grader nord var minst like god som den me fekk der på veg nordover, stappmette gjekk me å såg på livet i Rørvik før det var kveld!

Bra artistliste hadde dei, men me betalte oss ikkje inn, men det var ingen problem å høyre på musikken frå båten heller så eg vart sittande ut i dette fantastiske vèret til over kl 01 og høyre på Sondre Justad:) Det er slikt ein drøymer om, men berre får oppleve i syden! Så får det heller være at det angivelig er eit dårlig teikn for framtida at me får oppleve slikt vèr!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar