Det vart veldig mykje båt på hausten i år, heile to fulle veker ombord i båt etter fellesferien, men begge vekene i leigde fjør!
Først ut var Arendalsuka med jobb der eg hadde ansvar for å seile båten tilbake til Nøtterøy etter at Uka var over. Fruen kom ned og eit av parene me skal seile i Kroatia med hadde ferie, og vart også med som ein test på kva som venta!
Det vart ein flott seilas tilbake, men godt med vind, 15,5 ms blåste det ved Svenner når me surfa inn på medvinden der laurdag kveld, men det var ingenting ifht sjefen som seilte den ned i motvind og opp mot 20 ms!!
Båten var ein sværing, Jeanneau 469, men utrulig lett å håndtere. Plutselig er den i Kroatia blitt ein liten båt😂
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar