fredag 29. august 2025

Dag 1: Ibestad-Sandtorg (20 nmil)

Då er turen i gang, me fulgt planen i dag og gjekk dei 20 nmilene til Sandtorg og gjekk over alt som er viktig å ha kontroll på ved ein slik tur!

Feil verktøy gjorde at me ikkje fekk bytta impeller, men me fekk av lokket og studert den som står i og den såg fin ut, ingen synlege svakhetsteikn, samme med reim. Tankar var så godt som heilt reine, alt av filtre er bytta også motorolje og oljefilter. Det gjorde selger før salg, drog av 1 liter olje før nivået var på maks på peilepinnen så her hadde selgar vore litt vel ivrig!

Lufta hylsa då den kjentes litt varm ut. Typisk at det blir luft når båten nettopp har vore på land.

No har me både gjort oss kjent med båten og fått sjekka sentrale punkt og tatt ein testtur i kveldinga så no føler me oss klare til den lange turen heim. Me tar ein dag om gangen, håpet er at Bodø er eit greit stykke i morgon, rundt 100 nmil.

Bra hissig kar me traff i båthavno, da va berre å rygga tilbake å venta te han va ferdig å eta😅

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar