lørdag 30. august 2025

Dag 2 - Sandtorg-Bodø (100 nmil)

Første lange etappen i dag. I skrivande stund går me indrelei, forbi Nordskot. Her starta Vestfjordseilasen eg, June og onkle Ulf deltok på i 2018. Ein opplevelse for livet. Det blir turen i dag også, håpar bildene talar for seg.

Status:

Langt igjen, men dagens etappe viser igjen på Norgeskartet👍

Det går sjølvsagt mykje diesel på ein slik tur, omtrent den samme kostnad som å benytte båtfrakt. Dermed ein gyllen anledning til å ta ein tur som ellers er altfor kostbar. Berre i dag har me gått like langt som me gjekk 14 dagar i ferien.

No har eg for andre gang gått forbi svigerfamilien, på egen kjøl...

Fylle diesel på fjæra sjø i Nord-Norge er litt meir krevande enn heime, sku hatt med stige😅 Lettmatrosen må til pers👌

Tjeldsundet, postkort. Aldri vore i Nord-Norge sa du? Då veit du kva du må gjera...

Vestfjorden frå si absolutt beste side! Snakk om flaks med været!

Lettmatrosen bak spakane, sola steikte heile vegen, solkrem faktor 50 måtte til!

Eit knippe bilder frå Vestfjorden og ned til Nordskott.

No er me ferdig fortøyd i Bodø, Fylt tankane til randen og klar for tidleg avgang i morgon, kanskje strekke me morgondagens etappe til Brønnøysund, så er Buholmsråsa innen rekkevidde mandag.

Sjekk i motorrommet før pizza, alt ok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar