søndag 28. november 2010

Kvalitetstid!

Endeleg vart det litt tid til båten igjen, sjølv om det ikkje vart tid til løyse tamp. Skikkeleg varmkjøring av motor, dieselvarmar mm stod på programmet og endeleg kom gummibåten i hus etter at me har vore uten "hengarbil" ei stund. Målet er varmkjøring kvar 14. dag, men det er ikkje lett å rekke no. Uansett meinar eg det må gjerast skikkeleg når ein fyrst fyrer opp, ikkje berre litt lunking nokre minutt. Då er det betre å la vere! 1500 omin ikobla gjer susen og normal driftstemp nås etter 15-20 min om ein tek det litt forsiktig fyrst, så 20 min til så olja vert varm:) Samtidig går alle duppedittar ombord... Her skal ikkje ting få stå seg ihel:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar