tirsdag 26. juni 2018

Dag 18: Værfast i Sandnessjøen 

Ja, som varsla bles det godt i dg, ei mager trøst er det å sjå at det frå Bodø og nordover bles full storm, med orkan i kasta! La oss håpe at det «berre» var tre stormar som skulle komme denne sommaren!


Litt fantastisk, men me ligg godt og ganske rolig i Sandnessjøen og har leigd bil i dag! No er me på Alstad og Petter Dass museumet, veldig flott bygg av Snøhetta i ein spesiell moderne look tett på den gml kyrkja. Artig med skuespill frå ei «tjeneste pike» i eit av dei gml husa med berre nokre få tilskuere utenom oss:)



Glattpolert fjell der det nye bygget er «skåret inn» i terrenget:)


Me tenker avmarsj mot Støtt veldig tidlig i morgon, det er 64 nmil så det går ca 11-12 timar der til. Pr nu ser det då greit ut å gå til Bodø på torsdag morgon. June blir med på Vestfjordseilasen og «onkel Ulf» kjem på i Bodø slik at me blir tre i regattaen, enda håp om at svigerfar fortsatt kjem seg på beina og blir med, det hadde vore stas:)!

Vel, dagen er enda ung, kanskje tar me ferga til Herøy der me låg i går og kjører over bruene til Dønna! Fjellsko og utstyr ligg i bilen så får me sjå:)


Då har me kjørt over Herøy og heile Dønn, det er ei ganske stor øy, været er det me kallar fotsitt, dvs veldig lave skyer så me fekk ikkje sett dei berømte søstrene eller Dønnamannen denne gangen, planen er grytidlig avgang i morgon mot Bolga eller aller helst Støtt, sistnevnte er 64 nmil og er overkommelig om ein startar tidlig, det er også minkende medvind, men jo lengre ut me kjem jo meir vind er det så ved ankomst Støtt meldes det fortsatt 9 ms så me håpar å få seilt mykje også i morgon!

Good news i det haustlige været er at NO kjem sommaren til NordNorge også! Allerede søndag kjem litt varme, når 10 grader er maks siste veka, blir opp mot 20 himmel:)

Neste veke er den veka eg skal jobbe heile veka med halvtårs avslutning, men fortsatt litt usikker på korleis eg gjer arbeidet denne veka, fristar å være i båten om været blir som meldt;)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar