tirsdag 26. juni 2018

Dag 19: Sandnessjøen - Støtt (64 nmil)

Vinden har roa seg, klokka stod på 05 og 0545 heiste eg seil i havnebassenget i Sandnessjøen og la avgårde. Fantastiske vindforhold med jevnt 7-8 knop!


Det er ein del skodd så me får sjå om den forsvinn med sola eller ikkje, ellers flott og like deilig som tidligare å komme i gang igjen etter å ha vore værfast!

Vel fortødd på Støtt som planlagt og no ventar me på kvalbiffen og kveita i den restauranten med mest atmosfære, by fare, til no. Det er slike plassar eg elskar å oppleve, og som du nesten garantert ikkje får oppleve uten at du rek rundt på ei fjøl, som oss:)


Tross heller trolsk stemning i heile dag med dis og dramatisk natur har me hatt den finaste seilasen sålangt med 64 nautiske og det på berre 9 timar. Det gir eit snitt på 7,11 knop. Det blir vanskelig å slå, ein god medstrøm på opp i 1 knop i periodar hjalp sjølsagt!


Unektelig ein milepæl av dei store å passere polarsirkelen!


Rødøy, ikkje så vanskelig å skjønne navnevalget!


Skikkelig trolsk i starten, det letta litt, men disvar  det heile dagen.


Svartisen 12 nmil unna!


Bolga trur eg dette er, typisk, majestetisk øy der det klorar seg fast ei bygd.


Kunna, siste åpne havstykke før Bodø!

Ein sykkeltur over øye er overkommelig, fekk 9,95 km og då trur er ikkje det er så mykje meir veg igjen på øya!

Dagens absolutte høydepunkt var kvalbiffen på restauranten, fantastisk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar