onsdag 28. mai 2025

17.-18. og 19. mai

Finveret held seg og båten har vore flittig brukt. 17. mai inviterte me besteforeldre og fekk også ungdomen med. Planen var egentlig ikkje tur, men å sitte i båten å vente til Borgartoget si den no ligg på Vikjo… Men det vart for varmt å tenke på Borgartog i året så me la av gårde, stopp på Fyrøyo før me rekk èin tru rundt Hidle og heim.

Veldig kjekt å få storfamilien med på båten…

Den 18. mai var det lika fristande så då vart det ny tur til Fyrøya nokre timar saman med fruen og svigermor! Måtte finne skygge for å lese bok:)

Mandag 19. mai var sist mulighet for å bruk av båt den veke pga jobbtur til Rotterdam, så dermed la eg og fruen avgårde til Mjåneset på Fjelberg. Lunt i èin litt kald nordavind. Me var inne på å bada, men det vart litt for seint før me hadde spist og då steika det ikkje på land lengre. 15 grader i sjøen, det er innanfor hvis svetten siler på land, men ja, det vart ikkje bading

Fin plass dette, spesielt i denne vindretningen. Me fekk bra med sjøvatn på dekk heimover med sjøen på skrått forfra og kastevind. Då kjem sjøsprøyten og eg vart minna på at me må ha nye viskere og sjekke kva som har skjedd med spyledysene sidan vatnet går alle andre vegar enn på ruta…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar