lørdag 8. august 2026

Sommarferien 2026 - Dag 8 - Ryfylket

Bedringa i veret kom allerede tirsdagen så etter 2 døgn heime var det tid for å komme seg i båten igjen og med meldingar som viste bedre ver sørover, la me kursen over Sletto og inn i Ryfylke. 55 nautisk vart det lengst strekket på årets båtferie.​Først måtte me fylle diesel på Leirvik. Endeleg har det dukka opp eit cruiseskip på havna. Me får håpe dei la igjen mykje pengar.

Det var 1,5 til 2,0 meter sjø på Sletto, men det er ikkje noko sak, me måtte ned til 14-15 knop, men ellers gjekk det fint. Me gjekk forbi fleire som gjekk sakte, om det er for å spare diesel veit eg ikkje, men det slingra godt så at dei gidd det forstår eg jo ikkje heilt då, men, men...

Ryvarden...

Sjølv om me ikkje stoppa i Haugesund går eg alltid gjennom her, greit å få kokt kaffi og tatt det litt rolig etter at ein på Sletta ikkje kan drive med slikt

Me gjekk nye vegar denne gongen, her ein av naturhavnene i Skippo, men me kom fram til at me ville gå over til Sjernarøyane så me kunne trimme og handle litt.

Litt mørkare bilde enn i virkeligheten. I fint ver er det mange gode plassar sør for Haugesund, før Boknafjorden.

God plass på Helgøysund. Mange år sidan me var her sist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar