lørdag 8. august 2026

Sommarferien 2026 - Dag 8 - Ryfylket

Bedringa i veret kom allerede tirsdagen så etter 2 døgn heime var det tid for å komme seg i båten igjen og med meldingar som viste bedre ver sørover, la me kursen over Sletto og inn i Ryfylke. 55 nautisk vart det lengst strekket på årets båtferie.​Først måtte me fylle diesel på Leirvik. Endeleg har det dukka opp eit cruiseskip på havna. Me får håpe dei la igjen mykje pengar.

Det var 1,5 til 2,0 meter sjø på Sletto, men det er ikkje noko sak, me måtte ned til 14-15 knop, men ellers gjekk det fint. Me gjekk forbi fleire som gjekk sakte, om det er for å spare diesel veit eg ikkje, men det slingra godt så at dei gidd det forstår eg jo ikkje heilt då, men, men...

Ryvarden...

Sjølv om me ikkje stoppa i Haugesund går eg alltid gjennom her, greit å få kokt kaffi og tatt det litt rolig etter at ein på Sletta ikkje kan drive med slikt

Me gjekk nye vegar denne gongen, her ein av naturhavnene i Skippo, men me kom fram til at me ville gå over til Sjernarøyane så me kunne trimme og handle litt.

Litt mørkare bilde enn i virkeligheten. I fint ver er det mange gode plassar sør for Haugesund, før Boknafjorden.

God plass på Helgøysund. Mange år sidan me var her sist.

Sommarferien - Dag 6 og 7 - Austevoll

Fredagen gjekk turen til Austevoll og helgas PalePop på Stolmen. Me la oss hos gode venner i Vinnesvågen som vanleg. Der ligg me godt, men sør og søvest er ikkje beste sort. Helga vart triveleg, men igjen sikkelig drittver. Heldigvi har dei ile me kan dra oss frå kaien med framme og eg padla ut ankeret bak så me låg perfekt, uten rykk, men litt slingring blir da med halvmetersjø på sida.​

Hilde Skår imponerte, ekta og fin opptreden


HM Johnsen, inne i løo til Stangeland Gard, skikkelig intimkonsert, flott opptreden, men da va og litt godt å komme inn for å få varmen. Som varmblodshest tenkte eg at shjorts og seilerjakke skulle gå fint, men til og med for meg vart det kaldt utover kvelden. Så kaldt vart det at ingen av oss orka å vente på Nico og Vinc som kom på scenen først over midtnatt. God plan av arrangøren, men det fungerer ikkje i dårleg ver...

Lørdagen var det hyttever og me låg til søndag før me satte kursen mot Eggøya.

Vel ute i fjorden kom det berre eit helsikkes ver så me snudde, gjekk Nuen og tok eit par dagar heime i det verst møkkaveret. Heldigvis var det meldt bedring tirsdag.

Sommarferien 2026 - Dag 5 - Færøysund

​Om morgoen la me kursen mot Våge for handel og dieselfylling. Planen for kvelden var å ha med gode venner å overnatting for første gong i "nybåten". Det vart for tett i 870en, men er ein av fordelane med 32en, med egen dør til forpigg og mykje større plass, speselt framme, men også i salongen. Ute er dei ganske like, men der var også godt om plass i 870. Litt tett blir det i båt, men det gjekk heilt fint ein dag iallefall og kunne godt fint lengre også, men no skulle me til Austevoll på Plaepop på Stolmen.


Det var mykje båtar oppover i Lukksundet og også på Våge, men her er veldig god plass. Det var litt kombinasjon av 6,5 knop og 17. Greit for både lommebok og motor.


Våge er ei flott havn som er veldig populær

Trist å sjå at ein så flott plass som Godøysund berre forfell meir og meir...

Dyret må ha mat... Me fyller ofte og lite. Den er tung nok om ikkje me skal ha smekkfulle tankar også...

Artig med ei pumpe som reknar feil:)


Flott i sundet ved Godøysund, eg innser at min telf ikkje er best på kamera lengre:)

Staselig båt, spesielt forfra syns eg. Mykje meir moderne inntrykk enn Viknes 1030.


RM, vakkert og moderne. Vekkjer enda meir oppsikt i gul! Gult er tross alt kult så nydelig sak dette!

Lokksundet, mykje båt, det er jo kjekt å sjå i fellesferien...

onsdag 29. juli 2026

Sommarferien 2026 - Dag 4

​Me kosar oss alltid på Årbakka. Roleg å fredlig. Ein anna båt ved kaien, men dei hadde laga plass til ein båt til👌

Me sykla både onsdagen og ein tur torsdsg morgon før avreise. Då sykla me til Klubbavikjo. Flott plass

Sol og nydelig ver onsdag kveld


Sommarferien 2026 - Dag 3

​Eg starta dagen med eit bad, forfriskande. Eg rodde ein tur med jollen før me gjekk tll Skånevik som første stopp i dag. Jollen var fin å ro, tross størrelsen


Nordavind gjorde det litt utriveleg å Skånevik, men me fekk gjort der me sku der før me la kursen mot Årbakka. Første del av sommarferien i båt blei i år styrt av at me skulle på Palepop på Stolmen fredagen. No var det onsdag

Oppover Høylandssundet fekk me kjenne frisk nordlig bris/liten kuling, men 32en mukkar ikkje av slikt. Den eine meteren på skroglengde vs 870 har gjort at den kløyver motsjøen bedre. Men fult ferielasta kjenner eg at me blir baktunge...


Sommerferien 2026 - Dag 2

​I dag fann me ut at me ville stikke innom Taraldsøy, rett før Skånevik. Gått forbi mange gonger, men aldri gått forbi Friområdene der.

Først måtte me handle litt hos Fossen på Fjelberg...


Berre ein båt dukka opp utanom oss, den var på dagstur med 3 generasjonar. Her vart det litt action når mlnste mann datt på sjøen medan han fiska. Då kom vesten godt med, eg fekk tak i han og drog han opp på kaien etter håndtaket i vesten. 1. generasjon fann det sikrast og hoppe etter den håpefulle, men ja, det var vesentlig enklare å stå på kaien enn å ligge uti...

På kvelden gjekk me stien rundt øya, tydeleg at denne øya er lite brukt sv båtfolk, me sleit oss gjennom krat og høgt ålagras. Stien var det svært lite igjen av. Sjølv med tette kler fekk me flått som plukka av.

Søkkblaute av svette bada me frå båten, 18,5 grader er godkjent.

Sommarferien 2026 - Dag 1

​June kom heim frå Nord-Norge dagen etter meg, søndag. Mandag kveld var me klare i båten. Det er alltid noko jobb, eg tok fram gummibåten eg kjøpte brukt for 2 år sidan, litt spent på om eg hadde kjøpt katta i sekken, men den såg veldig bra ut! Suzumar Vib 220. Eg går mykje barfot om sommaren og då er slik mjuk høgtrykksdørk nydelig


Kjekt trekk fulgte med slik at ein slepp å ause den, men blir neppe mykje brukt.

Eg har ikkje fått tak i snap daviter heller, men 24 kg gummibåt var lett å sikre bak der uten snapp. Gull med dei tre "augene" som står innerst på badeplattforma, dei gjorde det lett å sikre anker og ankertau også. Ny midlertidig løysing som fungere greit, men saknar fjernkontrollen  og vinsjen. 

Ny ankerluke frå Skorgenes fekk eg og montert, den gamle var full i hål etter ankervinsjen.

Eg sjekkar grovfilteret på dieselfilteret nøye og ofte. Denne gangen fusha eg ut all diesel. Ingen tegn til dritt eller vatn! Eg tørka reint, fylte opp med diesel og bytta filteret sjølv om den gml var ganske reint. Ikkje her ein skal spare penger...


Me laga oss Spagetti og kjøttsaus nedover mot Bjellebøvågen, men det vart mykje sjø så maten måtte stå i pannene i vasken til me var i le for vinden og ferdig fortøyd.

Liten rotur oss to i 220 gummien, ikkje større enn den må vere, men det blir berre eg som brukar den, mest for sikkerhet å ha den med...

mandag 20. juli 2026

Løkjelsøy - på svai

​Mc turen til Nord-Norge er over og då er det båt, resten av ferien. Me treff ikkje med været i år, men får 2 dagar no før det snur!

Eg nytta sjølvsagt høve og lasta loss morgonen etter at eg kom heim!

Rett og slett fantastisk fint. Enormt med båt på Løljelsøy så savnet etter ankervinsjen er står. Plass ved bryggene kan du berre gløyme.

Eg har laga meg til med midlertidig løysing for den ferien....



søndag 28. juni 2026

Mørkevågen - Løkjelsøy

​Flott lørdag som var satt av til ein lenge planlagt vennetur. 

Litt hektisk jobb for å fullføre polering av overbygg før turen, bra å ha press på seg. Rex frå Båtpleiebutikken og gule skumpads frå Biltema fungere utrulig bra på matte flater! Blanke og fin no, unntaket er hardtoppen. Har kun tatt der ein ser😅

Sjølv om det vart gjort med litt harelabb så tok det mange timar over fleire dagar.


Varmt sjølv om det var skiftande sol og overskya. Me har aldri lagt oss i Mørlavågen før, me rek innom og såg det var plass på eine sida av den nyare brygga frå Fritidsrådet.

For første gong gjekk me heile øya rundt, 3.3 km, inkl Østersdammen i vest. Fint tur, men våt i terrenget!

Bading når me kom tilbake, 16.1 grad er greit forfriskande

Reker til middag og retur først 9-10 timar seinare, sånn er det i godt lag, tida flyr.

Kjempefin tur 

søndag 21. juni 2026

Dieselfylling og kaffibesøk

​Motortimer: 695.

Antall liter fylt: 185

Pris pr liter: kr 15,56

Finver i vente kommande veke så dermed må båten vere klar så me slepp å dille med dieselfylling med fruen ombord. 

Når ein først er på Leirvik tok eg ein kaffi hos mammo og pappen i den nye leiligheten. Supert med brygge rett nedanfor. Enklare å komme med båt enn bil!!


Mykje båt siste veka. Første tirsdagsseilas for sesongen i Doffen, seilforeningen sin Express. Seilte åleine i tidvis ca 8-9 ms. Det gjekk over forventing og holdt til 1. plass, dog med berre 3 båtar til start. Jokeren vart at Expressen tok mykje meir høyde tilbake enn dei andre...


Lørdagen gjekk også stort sett til båt sjølv om eg ikkje var utpå. Vask og start på polering av overbygg har stått lenge på lista. Eg har aldri tidlegare fått til å rubbe båt så båtane mine har vore matte i overbygget, men med oppdagelsen av REX og forståelsen av at osillerande maskinar ikkje er gode på fjerning av oksidering så har det løsna. Vanlig roterande maskin med hard skummgummmi (gul) og REX frå Båtpleiebutikken har gjort susen. Ein må passe på at temperaturen på gelcoaten ikkje blir så høg at det blir svimerker. Det held lenge med litt lunk for at det skal bli blankt og fint. Sjølvsagt gjekk eg tom for Rex så ny ladning er bestilt...


Det blir som nytt og det motiverar. Største fordelen er at båten ikkje blir så skitten. Drit festar seg mykje lettare på matt gelcoat og det er vanskeleg å få av... Kjøpte også ein 75 mm polermaskin frå Biltema. Super mellom på overbygg, mellom kalesjeknappar, vinduslister etc

I dag søndag var det såkalt kyrkjekaffi i Seilforeningen og rigging av den nye Laser Baihaen (2020 modell) som me har fått støtte til å kjøpe inn.